Lør
Delvis skya
Nedbør: 0 mm
Vind: Svak vind fra Vest-sørvest 2.8 m/s 
Trykk: 1000.3
Dato: 25.11.2017
Søn
Delvis skya
Nedbør: 0 mm
Vind: Svak vind fra Vest-sørvest 1.8 m/s 
Trykk: 995.9
Dato: 26.11.2017
Man
Skya
Nedbør: 0 mm
Vind: Flau vind fra Nord 0.7 m/s 
Trykk: 1003.0
Dato: 27.11.2017
Tirs
Snø
Nedbør: 2.2 mm
Vind: Frisk bris fra Nordaust 8.6 m/s 
Trykk: 1000.5
Dato: 28.11.2017
Ons
Skya
Nedbør: 0 mm
Vind: Laber bris fra Nord-nordaust 5.8 m/s 
Trykk: 1004.9
Dato: 29.11.2017
Kragerø StartSiden Hjem
Vis liste over alle byer
Søk
BilderButikkNyheterSpillVæretWebkameraWebmailBoligLeieTorgetJobbOm Kragerø

  
Alle nyheter

Lokal nyheter
FINN Kragerø
Jobb Kragerø
Kragerø Blad Vestmar
Kragerø Fjordbåtselskap
Kragerø IF Fotball
Kragerø IF Håndball
Kragerø Kommune
Kragerø StartSiden Facebook
Leie Kragerø
NRK Telemark
TA
Torget Kragerø
Varden
Visit Kragerø

Generelle nyheter
ABC Nyheter
Aftenposten
Dagbladet
Dagen
Framtida
Kommentar
Kommunal Rapport
Morgenbladet
Nationen
Nettavisen
NRK
Ny Tid
P4
Panorama
Siste.no
The Norway Post
TV2 Nyhetene
Ukeavisen Ledelse
Uriks
Utrolige Nyheter
Utrop
VG
Vårt Land

Andre nyheter
Altinn
Arbeidstilsynet
Arkivverket
Avinor
BI Handelshøyskolen
Bibliotekarforbundet
Bike.no
BilNorge
Boarding.no
Bonytt
Båtmagasinet
Cappelen Damm
Filmweb
Fjord Norge
Forbrukerportalen
Foreldre
Forskning
Forsvaret
foto.no
Gatebil.no
Helse
Her og Nå
Høgskolen i Bergen
Jenteporten
Kirken
KK
Klar Tale
Klassekampen
Lovdata
Mat
Montages
Mote
Motor
Musikkweb
NAV
Norsk Tipping
Nysgjerrigper
OBOS
Oslo Jazzfestival
Politiet
Regjeringen
Røde Kors
Seher
Seilas
Skatteetaten
Statistisk sentralbyrå
Statnett
Stortinget
Teknisk Ukeblad
Trafikanten
UIA
UIB
UIO
UIT
ut.no
Utdanningsdirektoratet
Vegvesen
Villmarksliv
Wideroe

Økonomi nyheter
Dagens Næringsliv
E24.no
Finans Norge
Finanstilsynet
Hegnar
iMarkedet
NA24.no
NRK Økonomi
Skagenfondene
Økonomisk Rapport

Sports nyheter
Aftenposten Sport
Dagbladet Sport
FotballMagasinet
NRK Sport
VG Sport

IT nyheter
akam.no
amobil.no
Apple
Dagens IT
Datainform
digi.no
DinSide
gamer.no
Gamereactor
Hardware.no
IDG.no
IT-Kanalen
ITavisen
ITpro.no
mac1
online.no
Techworld.no
tek.no
teknofil.no
Teknologi

Fylkes aviser
Adresseavisen
Agderposten
Firda
Fosna-Folket
Framtid i nord
Fædrelandsvennen
Gjengangeren
Namdalsavisa
Nordlys
NRK Buskerud
NRK Hedmark og Oppland
NRK Hordaland
NRK Møre og Romsdal
NRK Nordland
NRK Rogaland
NRK Sogn og Fjordane
NRK Telemark
NRK Troms og Finnmark
NRK Trøndelag
NRK Vestfold
NRK Østfold
Oppland Arbeiderblad
Rogalands Avis
Smaalenene
Sogn Avis
Strilen
Sunnmørsposten
Sør-Trøndelag
TA
Tidens Krav
Troms Folkeblad
Varden
Vestfold Blad

NyheterForrigeForrigeForrigeNesteNesteNeste


Andrea til semifinaleNRK Sogn og Fjordane
Måløyværingen Andrea Santiago Stønjum er vidare til semifinale i TV2-programmet The Voice. Ho song seg eitt steg nærare finalen med låten «What now» av Rihanna.
2017-11-24 23:02:40  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Jernfjelltunnelen er stengdNRK Sogn og Fjordane
Eit lastebildekk i vegbana gjer at Jernfjelltunnelen mellom Gulen og Masfjorden på E39 er stengd, melder Vegtrafikksentralen.
2017-11-24 21:02:11  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Hafstadsendaren ute av driftNRK Sogn og Fjordane
Sendaren på Hafstadfjellet er ute av drift, melder Norkring. Det gjer at fleire opplever at det er stille på radioen, og at TV-skjermen er svart i store delar av Førde og området rundt. Det er straumbrot som gjer at sendaren er ute av drift.
2017-11-24 18:53:12  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Firdaposten: Kupen til GlimtNRK Sogn og Fjordane
Florø-spelaren Endre Kupen skal spele for Bodø/Glimt neste sesong, skriv Firdaposten. Florø-trenaren seier til avisa at han arbeider ut frå at Endre Kupen ikkje blir del av stallen til 2018-sesongen.
2017-11-24 18:43:41  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ope ved Selseng på rv.5NRK Sogn og Fjordane
Vegen er no open att etter at ein semitrailer køyrde seg fast ved Selseng på rv. 5, melder Vegtrafikksentralen. Det var stengt for alle køyretøy på grunn av bilberging.
2017-11-24 18:12:46  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Redningshelikopter velta NRK Sogn og Fjordane
? Vi ser på det som har skjedd med det nye helikopteret som ei alvorleg hending, seier pressetalsmann ved Forsvarets hovudkvarter, Brynjar Stordal.
2017-11-24 17:53:53  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Noreviktunnelen på E39 er open attNRK Sogn og Fjordane
Noreviktunnelen mellom Vadheim og Lavik var stengd etter at eit vogntog trefte taket og mista platedelar i vegbana. Tunnelen er no open att.
2017-11-24 17:42:04  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Rv 13 blir ikkje opna i dagNRK Sogn og Fjordane
Riksveg 13 over Vikafjellet er framleis stengd og blir ikkje opna for trafikk i dag. Det er klart etter at ein geolog har vurdert rasfaren. Vikafjellsvegen har vore stengd grunna snøras og rasfare. Ny vurdering blir gjort laurdag klokka 12.
2017-11-24 14:44:56  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Kolonnekøyring på fv. 50NRK Sogn og Fjordane
Det er innført kolonnekøyring på fylkesveg 50 Aurland - Hol grunna uvêr. Ifølgje Vegtrafikksentralen er vêret i ferd med å forverre seg, og det er venta at det kan bli vanskar på fleire fjellovergangar ut på ettermiddagen. Sjå oppdaterte vegmeldingar på vegvesen.no.
2017-11-24 12:42:51  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Opnar fv. 92 i VikNRK Sogn og Fjordane
Fylkesveg 92 ved Eitreneset mellom Vik og Arnafjord er no open for trafikk. Vegen har vore stengd sidan i går. Ein geolog har no vore på staden og vurdert det som trygt å opne. Riksveg 13 Vikafjellet er framleis stengd etter snøras. Her blir det gjort ei ny vurdering kl. 15.
2017-11-24 12:35:23  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vegen til Sogndal lufthamn opnaNRK Sogn og Fjordane
Vegen frå Kaupanger til Sogndal lufthamn Haukåsen er opna att for fri ferdsle. Vegen var stengd etter at ein lastebil måtte bergast.
2017-11-24 12:32:50  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Dirigering skal hindre kaosNRK Sogn og Fjordane
Statens vegvesen innfører manuell dirigering på vegarbeidsområdet på E-39 langs Jølstravatnet, fordi lysreguleringa ikkje har fungert. Seinast førre helg vart det trafikkaos då lysa gjekk i stå etter at bilistar ikkje respekterte trafikklysa. Fredag og søndag vil overvakinga vara frå kl. 14:00 til midnatt, laurdag frå kl. 10:00 til 20:00. Ordninga vil gjelde alle helgar fram mot jul.
2017-11-24 10:31:38  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vogntog sperrar fylkesveg 55 NRK Sogn og Fjordane
Eit vogntog har køyrt seg fast, og sperrar fylkesveg 55 ved Kvamshaug i Luster. ? Bilbergar skal vere på veg ifrå Sogndal, men eg veit ikkje kor lang tid det vil ta, seier Jan Erikstad ved vegtrafikksentralen i Lærdal.
2017-11-24 07:28:19  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Lagra store mengder masse ulovlegNRK Sogn og Fjordane
Ved verftet i Førde har 20.000 kubikkmeter med grus og stein blitt lagra utan at ein har hatt løyve til det, det skriv Firda i dag. Avisa skriv at lagringa av massen har vore tenkt mellombels, men likevel protesterer både Førde kommune og fylkesmannen på framferda.? Mellomlagring av fyllmassar er uheldig både på grunn av natur- og miljøomsyn, seier plan- og byggesjef Odd Harry Strømsli i Førde kommune.
2017-11-24 05:20:59  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Opnar Tyin - Årdal attNRK Sogn og Fjordane
Fv. 53 Årdal - Tyin er open att, etter å ha vore stengt på grunn av uvær.
2017-11-23 15:19:16  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Fv. 92 stengdNRK Sogn og Fjordane
Fylkesveg 92 er stengd både i Stordalen mellom Matre og Bjordal, og på Nese mellom Framfjorden og Vikøyri. Vegen blir ikkje opna att i dag.
2017-11-23 14:23:46  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Varsler liten stormNRK Sogn og Fjordane
I ettermiddag og kveld kommer det til å blåse kraftig på Vestlandet. Se opp for vindkast på mellom 25 og 35 meter per sekund, advarer Meteorologisk institutt.
2017-11-23 13:41:35  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Stenger Vikafjellet ut dagenNRK Sogn og Fjordane
Rv. 13 Vikafjellet er stengt på grunn av snøras og fare for ras. Vegen blir ikkje opna att i dag.
2017-11-23 12:55:13  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Får 750 000 kroner meirNRK Sogn og Fjordane
Norsk fjordhestsenter på Nordfjordeid unngår kraftige kutt. Regjeringa ynskte å ta ned overføringa med 600 000 kroner. Etter framlegg frå Venstre får senteret no 750 000 kroner meir enn i framlegget til statsbudsjett. Dagleg leiar ved Norsk fjordhestsenter, Magni Hjertenes Flyum er godt nøgd.
2017-11-23 10:03:32  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vil ha lokale legarNRK Sogn og Fjordane
For å unngå legemangel ynskjer Lærdal sjukehus å arbeide meir systematisk med å knyte til seg legar med lokal tilknyting, skriv Sogn Avis. Stadleg leiar ved sjukehuset i Lærdal, Margun Thue seier at det er vanskeleg å rekruttere legar til distrikta, noko kommunane merkar, men også Helse Førde. Ho seier at hennar erfaring er at dersom legane ikkje har lokal tilknyting vil dei ofte søke ny utfordringar andre stadar etter nokre år.
2017-11-23 07:29:15  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Stengt veg mellom Årdal og TyinNRK Sogn og Fjordane
Fylkesveg 53 mellom Årdal og Tyin er stengt grunna uvêr, melder Vegtrafikksentralen Vest.
2017-11-22 23:30:31  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Førde slo erkerivalen NRK Sogn og Fjordane
Førde Volleyballklubb vann 3?2 i europacupkampen mot Viking i Haukelandshallen i Bergen onsdag kveld. Det melder laget på Facebook. Dermed har laget sikra seg eit godt utgangspunkt framføre neste vekas avgjerande kamp heime i Førdehuset.
2017-11-22 22:55:34  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vil ikkje flytte raspengarNRK Sogn og Fjordane
Fylkesutvalet sa i dag nei til å tilrå at pengane som er sett av til rassikring av E39 i Våtedalen vert flytta til rassikring av riksveg 5 mellom Førde og Florø. Det skriv avisa Firda. Fylkesutvalet fryktar pengane vil forsvinne ut av fylket om dei føreslår å gjere om på Statens vegvesen sine prioriteringar.
2017-11-22 16:23:05  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sognebåten skal gå til SogndalNRK Sogn og Fjordane
Fylkesutvalet vil ikkje flytte endestoggen på Sognebåten. Det betyr at båten framleis skal stoppe i Sogndal som den gjer i dag. Grunngjevinga er at det vil koste for mykje pengar å flytte endestoppen. Det skriv Sogn Avis. Både reiselivet i indre Sogn og eit fleirtal i samferdsleutvalet ville flytte endestoggen til Flåm. Det er fylkestinget som tek endeleg avgjerd i saka.
2017-11-22 16:12:51  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Biologar sørga for leiteaksjonNRK Sogn og Fjordane
Den store utrykkinga i langs elva i Førde sentrum viste seg å vera falsk alarm. Politiet melder at to dykkarar som dreiv med telling av fisk i elva, og at ingenting tyder på at det er andre personar som har hamna i elva.
2017-11-22 15:17:21  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Melding om person i elvNRK Sogn og Fjordane
Alle naudetatane har rykt ut til ei melding om ein person i elva i Førde sentrum. Ein passasjer på ein forbipasserande buss rapporterte å ha sett ein person i elva. Politiet opplyser at dei ikkje har gjort observasjonar og bebuarar langs elva har observert personar som snorkla i elva nokre minutt før politiet vart varsla. Luftambulansen vil også gjera søk frå lufta.
2017-11-22 14:44:19  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Seier opp stillinga siNRK Sogn og Fjordane
Rådmann Ørnulf Lillestøl har sagt opp stillinga si som rådmann i Selje kommune, og sluttar i jobben i februar 2018. Årsaka er at det er bestemt at noverande rådmann i Eid, Åslaug Krogsæter, skal vera prosjektleiar og ny rådmann når Selje og Eid slår seg saman til Stad kommune i 2020.
2017-11-22 11:22:41  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sluttar i Saga FjordbaseNRK Sogn og Fjordane
Leif A. Stavøstrand har sagt opp stillinga som administrerande direktør i Saga Fjordbase. Han vil istaden gradvis overta som dagleg leiar i familieselskapet Coast Innovation, som blei starta og er drive av faren, Gunnar Stavøstrand.
2017-11-22 09:58:48  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vogntog har stansa på rv. 5NRK Sogn og Fjordane
Eit utanlandsk vogntog har fått stans på rv. 5 i Lundebakken ved Fjærlandstunnelen. Vogntoget står feltet retning Sogndal og skal stå heilt ute på sida av vegen så det er passasje på staden. Politiet opplyser at dei er på veg.
2017-11-22 09:46:37  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Brann i GulenNRK Sogn og Fjordane
Det brenn i eit lagerbygg ved Sætre mellom Instefjord og Oppedal i Gulen. Lagerbygget ligg ved ein kai, og det skal vere eit fiskeoppdrett. Brannen er no under kontroll og ingen personar skal ha kome til skade, seier vaktkommandør Stig Tetler ved 110-sentralen i Hordaland.
2017-11-22 06:55:46  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Uvêr på VikafjelletNRK Sogn og Fjordane
Riksveg 13 over Vikafjellet er no stengt. Årsaka er uvêr, melder Statens vegvesen. Det same gjeld fv. 50 Hol-Aurland, medan rv. 52 Hemsedalsfjellet er kolonnekøyrd. Les fleire trafikkmemeldingar her.
2017-11-22 06:26:10  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vald i FlorøNRK Sogn og Fjordane
Ein person er pågripen etter å ha slege til ein annan person i Florø tysdag kveld. Ifølge politiet skal valden vere umotivert.
2017-11-21 21:56:53  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

E16-tunnel stengtNRK Sogn og Fjordane
Nakkahjelstunnelen på E16 ved Bolstad i Voss er stengt fordi ei steinblokk heng i lysarmaturen og kan falle ned i vegbana. Statens vegvesen anbefaler folk som køyrer E16 frå Indre Sogn om å køyre om via Rv. 13 frå Voss til Granvin, deretter Fv. 7 gjennom Hardanger til Trengereid. Tunnelen blir stengt til morgontimane onsdag.
2017-11-21 21:47:15  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Bragepris til NilssenNRK Sogn og Fjordane
Litteraturprisen blir delt ut i kveld. Olaug Nilssen (39) frå Førde vann den skjønnlitterære klassa for «Tung tids tale». Maria Parr (36) fekk pris for «Keeperen og havet» i klassen for beste barne- og ungdomsbok. Begge gir ut bøkene sine på Samlaget.
2017-11-21 19:25:22  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Kan bli endestogg i Flåm NRK Sogn og Fjordane
Hovudutvalet for samferdsle vil flytte endestoggen for Sognebåten til Flåm, skriv Sogn Avis. Politikarane gjekk mot tilrådinga til fylkesrådmannen som ville halde fast på Sogndal som endestogg for båten mellom Bergen og Sogn. Saka skal til endeleg handsaming i fylkestinget i desember.
2017-11-21 18:55:23  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Fylkeskulturprisen til Sønnerheim NRK Sogn og Fjordane
Kristin Sønnerheim (85) har i 50 år stelt og rydda stien gjennom Aurlandsdalen med handmakt. Slik har ho fått namnet «Mor Aurlandsdalen». No får ho fylkeskulturprisen for innsatsen. ? Innsatsen til Sønnerheim har vore avgjerande for å gjere Aurlandsdalen tilgjengeleg. Vandrerutene blir brukt av hundrevis av menneske kvart år, seier leiar for hovudutval for næring og kultur, Karen Marie Hjelmeseter.
2017-11-21 17:16:06  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Kan søke på medielinje i SogndalNRK Sogn og Fjordane
Skuleelevar får søke på medielinja i både Sogndal og Førde. Fylkesdirektøren ville fjerne medielinja i Sogndal, men hovudutvalet for opplæring bestemte i dag for lyse ut medielinje for førsteklasse begge stadar. Tredjeårselevane blir til hausten samla i Førde.
2017-11-21 15:44:55  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Treng meir tidNRK Sogn og Fjordane
Kontrollutvalet i Sogndal kommune treng meir tid på å lese rapporten om Sogn barnevern, skriv Sogn Avis. No ser utvalet for seg eit møte 27. november og eit avsluttande møte 5. desember. ? Vi vil truleg ha klar vår innstilling til kommunestyremøtet i desember, seier leiar for kontrollutvalet, Arnt Hovland Munthe til avisa.
2017-11-21 14:27:09  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Er framleis ikkje samde om budsjettNRK Sogn og Fjordane
Striden om kor mange lærarar det skal vere i norske klasserom forseinkar budsjettforhandlingane mellom dei borgarlege partia. Det er KrF som har lagt fram krav om ei lærarnorm. Der vil dei pålegge kommunane eit makstal på 15 elevar per lærar i 1.?4. trinn, og 20 elevar i 5.?7. trinn. Dette vil koste 850 millionar kroner i året, og Høgre har vore klart imot.
2017-11-21 08:04:59  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vil investere 100 mill. i anleggNRK Sogn og Fjordane
Sindre Øvrebø og selskapet Sunnfjord Storsmolt planlegg eit nytt oppdrettsanlegg til 100 millionar kroner på Hellevik i Fjaler, skriv Firda. Planen er å byggje eit anlegg på land og sjø. Investeringa vil kunne gi fire?fem faste stillingar, seier Øvrebø til Firda. Etableringa ligg litt fram i tid, då selskapet blant anna må vente på kommunen sin reguleringsprosess.
2017-11-21 07:41:53  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Har opna fylkesveg etter fire dagarNRK Sogn og Fjordane
Fylkesveg 92 mellom Stordalsstølen-Bjordalen på grensa mellom Sogn og Fjordane og Hordaland er opna att. Vegen her har vore stengd sidan fredag, då på grunn av uvêret. Det kom ned store snømengder, og brøytemannskapa har jobba med å rydde snø sidan søndag. No er vegen opna att for fri ferdsel, melder Statens vegvesen.
2017-11-21 07:34:52  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Politiet ber om tips etter saknaNRK Sogn og Fjordane
Politiet står utan spor etter ein sakna 58-åring som sist blei sett i Askvoll, men dei held framleis på med etterforsking, skriv Haugesunds Avis. Mannen og båten «Fram» vart meldt sakna etter at han ikkje kom tilbake til Stord. ? Det er framleis eit mysterium kor mannen har blitt av, seier Nils Blikra ved Stord lensmannskontor til avisa.
2017-11-20 22:33:52  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ope for trafikk på fv. 60NRK Sogn og Fjordane
Det er ope for trafikk på fv. 60 i Hornindal etter berging av eit vogntog. Vogntoget køyrde seg fast nokre kilometer aust for sentrum av Hornindal.
2017-11-20 18:48:33  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Dette blir motstanden i semifinalarNRK Sogn og Fjordane
Førde-damene møter 2.-divisjonslaget Kristiansand i to semifinalar i cupen i volleyball. Herrelaget møter Viking i sine kampar. Begge laga får heimekamp først.
2017-11-20 14:41:23  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Gaularfjellet vinterstengdNRK Sogn og Fjordane
Fylkesveg 13 over Gaularfjellet er no vinterstengd, melder Statens vegvesen.
2017-11-20 13:09:43  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Trafikkuhell på E39 i NordfjordNRK Sogn og Fjordane
I enden av Breimsfjelltunnelen i Gloppen har to bilar vore involvert i eit trafikkuhell. Politiet melder at det skal vere ein person i kvar bil, men ingen av dei er skadde.
2017-11-20 12:38:58  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Avtale med amerikansk selskapNRK Sogn og Fjordane
Nordic Mining har signert ein avtale med det amerikanske selskapet Barton Group om sal av granat frå Engebø. Avtalen inneber og vidare utvikling av prosjektet mot produksjon, og at Barton investerer i gruva. Barton er ein leiande produsent og distributør av granat til vassjettskjering, sandblåsing og slipeføremål.
2017-11-20 09:41:54  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Storutbygging i AskvollNRK Sogn og Fjordane
Askvollheimen i Askvoll skal byggast ut med 13 nye omsorgsbustader og stort aktivitetssenter. Det aller første som skal skje er ombygging av deler av den om lag 40 år gamle Askvollheimen, skriv Firda. Planane er kostnadsrekna til vel 70 millionar kroner.
2017-11-20 08:12:29  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vil leggje ned medieutdanningNRK Sogn og Fjordane
Fylkesdirektøren for utdanning går inn for å leggje ned medielinja ved Sogndal vidaregåande skule. Årsaka er låge søkjartal. Det skriv Sogn Avis. I staden vil direktøren samle elevane ved ei fylkesdekkande linje ved Hafstad vidaregåande skule i Førde.
2017-11-20 07:47:35  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Stal brannapparatNRK Sogn og Fjordane
Politiet opplyser at eit brannslokningsapparat vart fjerna frå Filjefjelltunnelen på E16 natt til måndag. Dette førte til at naudetatane måtte rykke ut. Då dei kom fram synte det seg altså å vere snakk om eit tjuveri.
2017-11-20 07:20:35  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Lastebil utfor vegen i HornindalNRK Sogn og Fjordane
Politiet fekk like over klokka 22 i kveld melding om ein lastebil som har køyrt av vegen ved Seljesetkrysset i Hornindal. Lastebilen har køyrt utfor vegen og stoppa på ei mark nedanfor vegkanten. Bilen skal ha lagt seg over på sida. Sjåføren skal ikkje vere skadd. Naudetatane er på veg til staden.
2017-11-19 22:21:59  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Førde vart overkøyrde på heimebaneNRK Sogn og Fjordane
Handballdamene frå Rælingen drog ifrå heilt frå starten av då dei gjesta Førdehuset i Førde søndag ettermiddag. Til pause leia Rælingen 16-7, og Førde klarte aldri å ta inn att forspranget. Kampen i 1. divisjon enda 30?19 i favør Rælingen.
2017-11-19 19:03:49  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Førde-damene klare for semifinaleNRK Sogn og Fjordane
Damelaget til Førde Volleyball er klare for semifinale i NM-cupen. Førde VBK vann første kamp mot Randaberg 3-0, og følgde opp med ny siger borte i ettermiddag.
2017-11-19 18:04:21  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Skal du ta ferje i morgon tidleg?NRK Sogn og Fjordane
Ferja som går frå Lavik til Oppedal måndag morgon klokka 09.50 blir køyrt med redusert kapasitet. Dette skjer fordi ein tyngre køyretøy med farleg last skal over fjorden, det melder Norled.
2017-11-19 17:12:25  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Fekk beskjed om å sløkke bålNRK Sogn og Fjordane
Brannvesenet i Førde rykte i ettermiddag ut til industriområdet på Øyrane der nokon hadde fyrt opp fleire bål. Ifølgje vakthavande på Alarmsentralen er det ulovleg å brenne bål i tettbygde strøk av Førde, dette forbodet gjeld for heile året. Dei som stod bak bålbrenninga fekk grei beskjed om å sløkke båla. Politiet er varsla om hendinga.
2017-11-19 17:07:59  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

La på fem meter i andre omgangNRK Sogn og Fjordane
Etter eit hopp på 117 meter i første omgang klarte Anders Fannemel akkurat å kome med i andre omgang i dagens hopprenn i Wisla. Der klarte han å legge på fem meter og landa på 122 meter. ? Dette er bra hopping av Fannemel. Han er meir bestemt på hoppkanten, seier NRK-kommentator Johan Remen Evensen.
2017-11-19 16:15:36  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Fannemel prega av tøffe forholdNRK Sogn og Fjordane
Anders Fannemel strekte seg ned til 117 meter i første omgang av dagens verdscuprenn i Wisla. Det er like langt som han hoppa i prøveomgangen. NRK-kommentator Johan Remen Evensen seier honndølen kan ha blitt litt reservert etter at han før helga krasja inn i reklameskilta.
2017-11-19 15:36:31  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Utforkøyring i AskvollNRK Sogn og Fjordane
Naudetatane er på veg til Holmedal der ein bil med ein person har køyrt av vegen. Uhellet skjedde på fylkesveg 609. Politiet fekk melding klokka 1025. ? Det blir opplyst å vere svært glatt på staden, opplyser politiet. Bilføraren ser ut til å ha kome frå uhellet utan fysiske skader.
2017-11-19 11:10:27  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Åtvarar om ekstremt glatt vegNRK Sogn og Fjordane
Vegtrafikksentralen åtvarar mot ekstremt glatte vegar i Holmedal-området. Spesielt fylkesveg 609. ? Det er framleis småbyer som fryser på vegen, og ein må vente med strøing til byeaktiviteten gir seg, seier Jan Erikstad ved VTS i Lærdal.
2017-11-19 10:53:42  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Trur skulesaka kjem opp attNRK Sogn og Fjordane
Vik-ordførar Olav Turvoll (Sp) fryktar ny runde om skulane allereie neste år. Kommunen må spare 15 millionar kroner årleg dei neste åra. Denne veka røysta politikarane ned framlegget om å leggje ned to skular. Turvoll fryktar det blir tøft å klare innsparingar på skulesektoren når alle skulane skal få stå i fred.
2017-11-19 09:51:02  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sterke karar løfta til sølvNRK Sogn og Fjordane
Tambarskjelvar klarte ikkje å ta att forspranget til vektløftarane frå Tønsberg. Dermed vart det sølv til naustdalsklubben under lag-NM i Spydeberghallen. På laget løfta Yngve Apneseth, Stein Inge Holstad, Hans Sande, Jantsen Øverås, Tore Gjøringbø og Vebjørn Varlid.
2017-11-19 09:38:11  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Slagsmål på NordfjordeidNRK Sogn og Fjordane
Politiet i Eid rykte i 03-tida søndag ut til Sjøgata etter melding om fleire personar som sloss. Ein av dei involverte har truleg knekt nasen.
2017-11-19 08:18:25  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Tapte, men klare for semifinalenNRK Sogn og Fjordane
Volleyballherrane til Førde tapte 2?3 i andre kvartfinale mot Koll, men er likevel klare for semifinale i cupen. Sunnfjordingane vann første møte 3?0 og trengde med det å vinne to sett i Gaularhallen. Søndag spelar damelaget kvartfinale mot Randaberg.
2017-11-18 20:18:52  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Rykte ned med FredrikstadNRK Sogn og Fjordane
Henrik Furebotn avslutta låneopphaldet i Fredrikstad med nedrykk laurdag. Laget frå plankebyen tapte 5-3 borte for Notodden i den avgjerande kvalifiseringskampen, og er med det klare for 2. divisjon. Søndag kan årdølen også risikere å rykke ned med klubben han er på utlån frå, Sogndal.
2017-11-18 20:12:22  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Kvinnene løfta Tambar til toppsNRK Sogn og Fjordane
Etter ein jamn og spennande konkurranse kunne dei kvinnelege vektløftarane i Tambarskjelvar sleppe jubelen laus som norgesmeistrar. I klassa ungdom og junior har Breimsbygda sine jente- og gutelag sikra seg to bronser og to fjerdeplassar.
2017-11-18 18:23:21  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Norge vann opningsrennetNRK Sogn og Fjordane
Johann Andre Forfang, Anders Fannemel og Daniel Andre Tande gav Norge ein suveren start på laghoppinga under verdscupen i Wisla. Robert Johansson kunne til slutt hoppe inn til siger. Norge vann med nær 20 poeng på Polen og Austerrike, som måtte dele andreplassen.
2017-11-18 18:17:39  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Utforkøyring i EidNRK Sogn og Fjordane
To personar vart køyrde til legevakta for sjekk etter ei utforkøyring på E39 ved Holmøyane i Eid. Uhellet skjedde klokka 17.
2017-11-18 17:23:00  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Her kan du følgje Fannemel i WislaNRK Sogn og Fjordane
Anders Fannemel frå Hornindal får fornya tillit på laget under laghoppkonkurransen i polske Wisla i dag. Honndølen er andremann ut for laget, som elles består av Johann Andre Forfang, Daniel Andre Tande og Robert Johansson. Rennet byrjar klokka 1610.
2017-11-18 15:41:15  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Tefre nesten i finalenNRK Sogn og Fjordane
Gjøran Tefre (Førde) tok seg til semifinalen, men tapte sekundstriden om ein sprintfinale under den nasjonale sesongopninga i langrenn på Beitostølen. Tefre vart til slutt nummer sju. Johannes Høsflot Klæbo vann rennet.
2017-11-18 14:44:04  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Fleire bilar i grøftaNRK Sogn og Fjordane
Vegtrafikksentralen har i løpet av ettermiddagen fått melding om tre bilar som har vore i grøfta på riksveg 5 i Sogndalsdalen. Det er ein del snø i vegen her, seier vaktoperatør Jan Erikstad. Like over klokka 14 blir det jobba med å fjerne lasta på ein liten lastebil (bilete), før bilen blir fjerna med bilbergar. Tidlegare i dag har det vore to trafikkuhell utan personskade, først på riksveg 5 i Flora og seinare på fylkesveg 55 mellom Sogndal og Hafslo.
2017-11-18 14:03:05  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

No er det vinterstengt herNRK Sogn og Fjordane
Fylkesveg 55 over Sognefjellet blir ikkje opna att etter at den har vore stengt på grunn av uvêr. Vegvesenet har i dag bestemt seg for å stenge vegen for vinteren. Fjellovergangen blir vinterstengt kvar år, men datoen for vinterstenging varierer frå år til år.
2017-11-18 13:13:54  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Opna etter bilbergingNRK Sogn og Fjordane
Statens vegvesen melder at riksveg 52 over Hemsedalsfjellet har opna att. Vegen har vore stengd i vel ein time på grunn av bilberging.
2017-11-18 13:06:08  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Stengt på grunn av bilbergingNRK Sogn og Fjordane
Riksveg 52 over Hemsedalsfjellet er stengt på grunn av bilberging. Ifølgje Vegtrafikksentralen er det eit utanlandsk vogntog som sperrar vegen rett ovanfor bommen ved Bjøberg. Bilbergar er på veg frå Gol, men det kan gå noko tid før vegen kan opne att.
2017-11-18 12:12:42  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Må innstille hurtigbåtNRK Sogn og Fjordane
Hurtigbåten mellom Bergen og Nordfjord som skulle ha gått klokka 14.15 frå Bergen til Florø er innstilt, det melder Norled. Det blir ein avgang frå Florø til Selje med avgang klokka 17.35.
2017-11-18 11:32:43  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Bil i grøfta i SognNRK Sogn og Fjordane
Ein bil har hamna i grøfta på riksveg 55 i Årøysvingane mellom Sogndal og Hafslo. Mannen som køyrde bilen og dei to barna i bilen, på 5 og 7 år, skal ikkje ha kome til skade, melder politiet på Twitter. Trafikken skal gå greitt forbi staden.
2017-11-18 11:11:54  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vurderer opning i morgonNRK Sogn og Fjordane
Fylkesveg 13 over Gaularfjellet er framleis stengt på grunn av uvêr. Statens vegvesen melder at det blir gjort ei ny vurdering om opning søndag klokka 12.
2017-11-18 11:10:33  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Folkemøte om utrydding av reinNRK Sogn og Fjordane
Måndag arrangerer Norges Miljøvernforbund eit folkemøte i Lærdal der nedslaktinga av villreinstammen i Nordfjella er tema. Grunneigar i Nordfjella, Oddmund Einemo (bilde), seier til Sogn Avis at mange grunneigarar er frustrerte over måten utryddinga blir gjort på. Han er kritisk til at det blir jakta på dyra like etter den ordinære jakta. Mattilsynet har halde fast ved at dei må ta grep for å hindre spreiing av den frykta dyresjukdommen skrantesjuke.
2017-11-18 09:49:38  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Slik blir vêret i dagNRK Sogn og Fjordane
Det er venta vestleg sterk kuling utsette stader i Sogn og Fjordane i dag. I ettermiddag vil vinden dreie nordvest. Det blir regnbyer og haglbyer, medan nedbøren kjem som snø i høgare strok. Det er utrygt for tore, melder Meteorologisk institutt. I kveld blir det nordleg stiv kuling på kysten, då blir det også litt mindre byeaktivitet.
2017-11-18 09:23:48  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Kom i klammeri med dørvaktNRK Sogn og Fjordane
Politiet rykte like før klokka 01 natt til i dag ut til ein utestad i sentrum av Førde. Ifølgje operasjonsleiar Frode Kolltveit i Vest politidistrikt skal ein kvinneleg gjest i 40-åra ha kome i klammeri med ei dørvakt på utestaden. Etter det politiet veit vil forholdet bli meldt over helga.
2017-11-18 08:36:12  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Andrea vidare i talentprogramNRK Sogn og Fjordane
Andrea Santiago Stønjum (16) frå Måløy sang sist av The Voice-deltakarane, men var også ein av dei seks som sang seg også vidare i TV2-konkurransen. ? Det var tortur dei sekunda, sa 16-åringen til kanalen etter at det var klart at August Dahl var den som måtte forlate konkurransen.
2017-11-17 23:12:20  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Fannemel nummer 19 i WislaNRK Sogn og Fjordane
Skihopparen Anders Fannemel er klar for søndagens verdscuprenn i Polen. Honndølen strekte seg til 122 meter og enda med det på 19. plass i kvalifiseringa i kveld. Alle dei seks norske tok seg vidare til opningsrennet. Robert Johansson var beste norske i kvalifiseringa med 10. plass. Laurdag står laghopping på programmet.
2017-11-17 19:41:25  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå Vestlandsrevyen fredagNRK Sogn og Fjordane
Programleiar Mariann Reikerås.
2017-11-17 18:38:50  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Årdøler på landslagssamlingarNRK Sogn og Fjordane
Hege Bakken Wahlquist (Silkeborg-Voel) er med når det norske rekruttlandslaget i handball som neste veke møter Sveits, Austerrike og vertsnasjonen Tsjekkia til turnering i neste veke. I tillegg er sambygdingen Marita Ylvisåker Aaberg (15) teken ut til den første av to kartleggingssamlingar til jentelandslaget neste helg.
2017-11-17 16:47:02  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vil ha to ambulansebåtar litt tilNRK Sogn og Fjordane
Askvoll og Solund bør får behalde kvar sin ambulansebåt som ei mellombels løysing i to år til. Det er administrasjonen i Helse Førde som rår til ein mellombels avtale for dei to neste åra. Deretter skal ein ny båt vere på plass i Solund slik styret vedtok i fjor haust. Båten skal dekke begge kommunane, noko som har ført til store protestar. Det tar tid å få på plass den nye båten, og i mellomtida må Helse Førde ha eit godt nok tilbod. Styremøtet neste fredag avgjer saka.
2017-11-17 16:38:47  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Gaularfjellet stengt til søndagNRK Sogn og Fjordane
Statens vegvesen melder at fylkesveg 13 over Gaularfjellet blir stengt til søndag. Då blir det ny vurdering klokka 12.
2017-11-17 16:30:38  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ola Teigen ny leiar i SunnfjordNRK Sogn og Fjordane
Flora-ordførar Ola Teigen (Ap) er valt til ny leiar for regionrådet Samarbeid i Sunnfjord (SIS). Det er fellesrådet for kommunane Flora, Naustdal, Førde, Gaular og Jølster. Dei fire andre kommunane blir éin frå 2020. Medan Flora då skal slå seg saman med nordfjordkommunen Vågsøy. Teigen er valt til leiar til 2019.
2017-11-17 14:20:29  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vil leggje ned kontorNRK Sogn og Fjordane
Helfo vil leggje ned fleire kontor, mellom anna kontoret på Sandane med fire tilsette, melder Firda Tidend. Dei fire tilsette vil få tilbod om jobb andre stader i det statlege organet som jobbar med helseøkonomi.
2017-11-17 14:15:20  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Blir ikkje opna att i dagNRK Sogn og Fjordane
Riksveg 13 over Vikafjellet blir ikkje opna att i dag, det melder Statens vegvesen. Fjellovergangen mellom Vik og Vinje i Voss har vore stengd sidan tidleg i dag på grunn av uvêr. Uvêr pregar også dei andre fjellovergangane.
2017-11-17 13:32:08  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Dømd for promillekøyringNRK Sogn og Fjordane
Ein sunnfjording i 20-åra må 21 dagar i fengsel etter eit trafikkuhell i Førde like før jul i fjor. Mannen sette seg i bilen med ein promille på 1,99. I tillegg til fengselsstraffa må mannen betale 28.000 kroner i bot. Han må også klare seg utan førarkort i to år.
2017-11-17 10:30:42  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Hurtigbåt må snuNRK Sogn og Fjordane
Norled melder at nordgåande hurtigbåt frå Bergen til Nordfjord må returnere i Askvoll og gå tilbake til Bergen på grunn av vêrforholda. Av same grunn er sognebåten kring 15 minuttar foreseinka til Bergen fredag føremiddag.
2017-11-17 08:56:21  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå Fredagspanelet frå ferjaNRK Sogn og Fjordane
I dag sende vi direkte frå ferja Oppedal mellom Lavik og Oppedal. Her kan du sjå Fredagspanelet i opptak, ein god start på helga!
2017-11-17 08:52:01  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Rustar opp badeanleggNRK Sogn og Fjordane
Havhesten i Florø stenger dørene i over eit halvt år. Det skriv Firdaposten. Planen er å ruste opp badeanlegget for totalt 45 millionar kroner i to ulike fasar. Første fase tek truleg til frå august 2018 og vil gjere at Havhesten vert stengt i seks månader. Anlegget ber preg av slitasje og millionane skal bli brukt til å oppgradere og rehabilitere.
2017-11-17 08:10:36  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Gaularfjellet er stengt NRK Sogn og Fjordane
Fv. 13 over Gaularfjellet vert ikkje opna etter nattestenging. På grunn av uvêr blir det ny vurdering laurdag kl.8.
2017-11-17 06:54:11  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Hurtigbåt er kansellert NRK Sogn og Fjordane
Hurtigbåten som skulle gå frå Selje kl. 06.50 til Bergen er kansellert på grunn av dårleg vêr.
2017-11-17 06:24:49  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

BKK snuser på kraftaksjarNRK Sogn og Fjordane
Fjaler vurderer å byte Sunnfjord Energi-aksjar, truleg verd over 100 millionar kroner, mot aksjar i BKK. Det skriv Firda. ? Grunnen til at vi no ser på eit makebyte, er å vurdere utbytepolitikk, og dei prosessane som føregår i kraftbransjen på struktur, seier Venstre-ordførar Gunnhild Berge Stang (bilete) til avisa.
2017-11-16 19:39:58  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Brannalarm var vassdampNRK Sogn og Fjordane
Brannvesenet rykte ut til ein automatisk brannalarm i trehusbusetnaden i Solvorn i Luster. Det viser seg at årsaka var vassdamp frå ein varmtvannsbehaldar.
2017-11-16 15:47:31  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Legg ikkje ned skular i VikNRK Sogn og Fjordane
Det blir ikkje lagt ned skular i Vik kommune. Det har kommunestyret i Vik bestemt. Berre Høgre røysta for rådmannen si tilråding om å leggje ned skulane i Fresvik og på Vangsnes. Ni mot åtte røysta for Senterpartiet sitt framlegg om å ikkje røre skulane i denne omgang. Høgre fryktar dette betyr oppseiingar i kommunane.
2017-11-16 15:46:50  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ny rapport slaktar folkerøystingarNRK Sogn og Fjordane
Ein tredel av folkerøystingane om kommunesamanslåingar, var udemokratiske. Det kjem fram i ein ny rapport frå Institutt for samfunnsforsking. I mange av tilfella var politikarane tilsynelatande berre ute etter å sikre støtte til sitt eige førehandsbestemte syn, og i fleire tilfelle har kommunane gitt innbyggjarane svaralternativ dei ikkje har kunne forstå, konkluderer forskarane.
2017-11-16 15:38:18  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Kom med på rundens lagNRK Sogn og Fjordane
Hege Bakken Wahlquist kom med på rundens lag i dansk handball etter kampen i går. Årdalsjenta skåra fem mål då laget hennar Silkeborg-Voel vann 26?25 over Ringkøbing.
2017-11-16 15:05:18  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Kritisk til hemmelegstemplingNRK Sogn og Fjordane
Fylkesmannen er kritisk til avslaget om innsyn i rapporten om Sogn barnevern. Det skriv Sogn Avis. Fylkesmannen har oppheva Sogndal kommune sitt avslag på kravet frå Sogn Avis om innsyn, og sendt saka tilbake til kommunen for ny vurdering. Det er ifølgje Fylkesmannen ikkje gjort greie for at det er heimel for å nekte innsyn i heile rapporten, på grunnlag av teieplikt.
2017-11-16 07:22:01  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Kragerø StartSiden - Nyheter fra NRK Sogn og Fjordane







Denne tjenesten er levert av ActiveSystems.