Tirs
Delvis skya
Nedbør: 0 mm
Vind: Lett bris fra Sør 4.0 m/s 
Trykk: 1013.6
Dato: 18.06.2019
19°
Ons
Regn
Nedbør: 3.0 mm
Vind: Svak vind fra Aust 2.2 m/s 
Trykk: 1011.4
Dato: 19.06.2019
17°
Tor
Klårvêr
Nedbør: 0 mm
Vind: Svak vind fra Vest-sørvest 1.7 m/s 
Trykk: 1004.2
Dato: 20.06.2019
15°
Fre
Lettskya
Nedbør: 0 mm
Vind: Laber bris fra Sørvest 6.6 m/s 
Trykk: 1011.8
Dato: 21.06.2019
16°
Lør
Delvis skya
Nedbør: 0 mm
Vind: Lett bris fra Sør 3.7 m/s 
Trykk: 1019.3
Dato: 22.06.2019
18°
Kragerø StartSiden Hjem
Vis liste over alle byer
Søk
BilderButikkNyheterSpillVæretWebkameraWebmailOm Kragerø

  
Alle nyheter

Lokal nyheter
FINN Kragerø
Jobb Kragerø
Kragerø Blad Vestmar
Kragerø Fjordbåtselskap
Kragerø IF Fotball
Kragerø IF Håndball
Kragerø Kommune
Kragerø StartSiden Facebook
Leie Kragerø
NRK Telemark
TA
Torget Kragerø
Varden
Visit Kragerø

Generelle nyheter
ABC Nyheter
Aftenposten
Dagbladet
Dagen
Framtida
Kommentar
Kommunal Rapport
Morgenbladet
Nationen
Nettavisen
NRK
Ny Tid
P4
Panorama
Siste.no
The Norway Post
TV2 Nyhetene
Ukeavisen Ledelse
Uriks
Utrolige Nyheter
Utrop
VG
Vårt Land

Andre nyheter
Altinn
Arbeidstilsynet
Arkivverket
Avinor
BI Handelshøyskolen
Bibliotekarforbundet
Bike.no
BilNorge
Boarding.no
Bonytt
Båtmagasinet
Cappelen Damm
Filmweb
Fjord Norge
Forbrukerportalen
Foreldre
Forskning
Forsvaret
foto.no
Gatebil.no
Helse
Her og Nå
Høgskolen i Bergen
Jenteporten
Kirken
KK
Klar Tale
Klassekampen
Lovdata
Mat
Montages
Mote
Motor
Musikkweb
NAV
Norsk Tipping
Nysgjerrigper
OBOS
Oslo Jazzfestival
Politiet
Regjeringen
Røde Kors
Seher
Seilas
Skatteetaten
Statistisk sentralbyrå
Statnett
Stortinget
Teknisk Ukeblad
Trafikanten
UIA
UIB
UIO
UIT
ut.no
Utdanningsdirektoratet
Vegvesen
Villmarksliv
Wideroe

Økonomi nyheter
Dagens Næringsliv
E24.no
Finans Norge
Finanstilsynet
Hegnar
iMarkedet
NA24.no
NRK Økonomi
Skagenfondene
Økonomisk Rapport

Sports nyheter
Aftenposten Sport
Dagbladet Sport
FotballMagasinet
NRK Sport
VG Sport

IT nyheter
akam.no
amobil.no
Apple
Dagens IT
Datainform
digi.no
DinSide
gamer.no
Gamereactor
Hardware.no
IDG.no
IT-Kanalen
ITavisen
ITpro.no
mac1
online.no
Techworld.no
tek.no
teknofil.no
Teknologi

Fylkes aviser
Adresseavisen
Agderposten
Firda
Fosna-Folket
Framtid i nord
Fædrelandsvennen
Gjengangeren
Namdalsavisa
Nordlys
NRK Buskerud
NRK Hedmark og Oppland
NRK Hordaland
NRK Møre og Romsdal
NRK Nordland
NRK Rogaland
NRK Sogn og Fjordane
NRK Telemark
NRK Troms og Finnmark
NRK Trøndelag
NRK Vestfold
NRK Østfold
Oppland Arbeiderblad
Rogalands Avis
Smaalenene
Sogn Avis
Strilen
Sunnmørsposten
Sør-Trøndelag
TA
Tidens Krav
Troms Folkeblad
Varden
Vestfold Blad

NyheterForrigeForrigeForrigeNesteNesteNeste


Sjå Vestlandsrevyen 20.55NRK Sogn og Fjordane
Programleiar Jan Børge Leirvik.
2019-06-17 20:54:27  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Florø vannNRK Sogn og Fjordane
Kampen enda 3?1 til Florø over Odd 2 i 2. divisjon. Christer Husa, Vegard Savland og Moses John Dyer stod for Florø sine mål.
2019-06-17 18:57:49  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

2?0 til FlorøNRK Sogn og Fjordane
Florø leiar 2?0 over Odd 2 til pause. Med siger klatrar Florø på tabellen og vil berre vere tre poeng bak andreplassen i 2. divisjon.
2019-06-17 17:21:47  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Seier ja til BKK-fusjonNRK Sogn og Fjordane
Kommunestyret i Fjaler går inn for fusjon mellom Sunnfjord Energi og BKK, skriv Firda. 22 stemte for, ein stemte imot. Fjaler eig 11 prosent av aksjane i Sunnfjord Energi, medan BKK sjølv eig 37 prosent. Førde kommune, som eig 22 prosent, skal kome med ei avgjerd i saka på torsdag.
2019-06-17 17:03:01  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Nominert til radioprisNRK Sogn og Fjordane
Arianrhod Engebø (25) frå Førde er nominert til årets unge radioprofil under Prix Radio. Ho leiar programmet Arian på NRK P3 kvar ettermiddag. Ho er ein av fem nominerte til prisen, som blir delt ut under Radiodager i Oslo i september.
2019-06-17 16:00:14  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

E16 opna att i AurlandNRK Sogn og Fjordane
Presenningen som stengde Gudvangatunnelen på E16 gjennom Aurland er fjerna. Det melder Vegtrafikksentralen på Twitter. Tunnelen var også søndag stengd på grunna v ein presenning i vegbana.
2019-06-17 10:18:49  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vil kjøpe ut BKKNRK Sogn og Fjordane
Fylkeskommunen prøver å kjøpe BKK ut av Sogn og Fjordane Energi (SFE) ved å tilby dei kraftverka Mel og Østerbø. BKK takkar nei, skriv Firda. BKK er nest største eigar i SFE, med 36,8 prosent eigarskap. Fylkesordførar Jenny Følling (Sp) avviser at fylkeskommunen er villig til å overdra kraftverk til BKK. Men Følling stadfestar at kraftverk har vore tema i forhandlingane.
2019-06-17 05:20:50  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Teken ut på landslagetNRK Sogn og Fjordane
Ina Herstad og hesten Glitur frå Naustdal skal representere Noreg i seniorklassen under nordisk baltisk meisterskap i sportskøyring på Bjerke travbane første veka i juli. Under prøve-nordisk i fjor vart ekvipasjen nummer fire og beste norske ekvipasje i klassen. Marta Valland Hofslundsengen og hesten Tåbba frå Sogndal skal representere Noreg i ungkusk-klassen.
2019-06-17 05:17:25  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ny norsk rekordNRK Sogn og Fjordane
Lone Elise Kalland frå Tambarskjelvar sette i helga Norsk rekord både i rykk og samanlagt. Kalland løfta 93 kg i rykk, og klarte 109 kg i støyt og med det 202 kg samanlagt. Dette var heile åtte kilo over den gamle noregsrekorden i rykk, og fire kilo over den gamle norske samanlagt-rekorden. Med dette kvalifiserte ho seg også til Nordisk på Vigrestad seinare i år.
2019-06-16 20:39:28  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Opna for trafikkNRK Sogn og Fjordane
E16 Gudvangatunnelen er no opna for trafikk igjen, melder Statens vegvesen. Tunnelen var ein periode stengd på grunn av ein stor presenning som låg midt i vegbana.
2019-06-16 19:58:55  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Gudvangatunnelen er stengdNRK Sogn og Fjordane
E16 Gudvangatunnelen er stengd på grunn av ein stor presenning som ligg midt i vegbana, melder Statens vegvesen.
2019-06-16 19:46:56  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Redusert kapasitetNRK Sogn og Fjordane
Norled melder om redusert kapasitet på Lavik - Oppdel. På grunn av transport av farleg gods vert det max 12 passasjerar på avgangen frå Oppedal 20.40.
2019-06-16 19:26:15  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Tap for Kaupanger-dameneNRK Sogn og Fjordane
Kaupanger tapte heile 4?0 på heimebane mot topplaget Fløya i 1. divisjonsoppgjeret på det nye banedekket på Kvednhushaugen. Ifølgje meldaren på Facebooksida til laget var det ein fortent siger til bortelaget.
2019-06-16 14:54:18  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Utan telefon- og nettNRK Sogn og Fjordane
Innbyggjarar i Fresvik har vore utan telefon og nett i over ei veke Årsaka er brot på ein fiberkabel. No skriv Sogn Avis at det har oppstått problem med repareringa av kabelen. Telenor opplyser at feilen mest truleg ikkje vert retta før onsdag 19. juni. Fleire i bygda reagerer på dårleg informasjon og at det tek lang tid å få reparert kabelbrotet.
2019-06-16 13:33:46  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vil rive to store kranarNRK Sogn og Fjordane
Selskapet Hellenes Yard ønskjer å rive eit av «landemerka» etter tida då det vart bygt skip i Førde. Avisa Firda skriv at selskapet har sendt brev til kommunen om at dei må rive dei to store kranane på det gamle verftsområdet innan 1. juli i år. Kranane må fjernast for å få plass til fylling av masse i sjøen.
2019-06-16 12:48:50  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Historisk fiske i OldenNRK Sogn og Fjordane
Dei første 12 timane på opninga av laksefisket i Oldenelva har gått inn i historiebøkene, skriv Fjordingen. Tre fiskarar har hatt 20 laks på kroken og landa 12 av dei, alt på flugefiske. Tre skikkeleg store laksar sleit etter lang tids kamp nedover elva, skriv avisa.
2019-06-16 12:37:50  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Held fjerdeplassen i Formula-serienNRK Sogn og Fjordane
Førdianaren Håvard Hallerud ligg på fjerdeplass i Formula Nordic-serien etter helgas «Midnattsloppet» i Skellefteå i Sverige. På det nye baneanlegget køyrde Hallerud tre race der han køyrde inn til høvesvis fjerde-, andre- og fjerdeplass. Hallerud køyrde godt, men ein snurr i ein sving i første racet og ein tur ut av bana i tredje racet øydela for eit betre plassering.
2019-06-16 11:17:54  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Skalla ned på campingplassNRK Sogn og Fjordane
Ein mann i 20-åra er meld for vald etter at han skalla ned ein annan person på ein campingplass i Gaupne seint laurdag kveld. Mannen vart også vist bort frå Gaupne sentrum, opplyser politiet. Seinare på natta vart ei 18 år gamal kvinne også vist bort frå Gaupne sentrum. Men då ho ikkje brydde seg om pålegget, vart også ho meld, opplyser politivakta.
2019-06-16 08:20:04  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Viste bort frå restaurantNRK Sogn og Fjordane
Tre personar vart viste bort frå ein restaurant i Førde natt til søndag, opplyser politiet. Dei tre var godt rusa og i klammeri med kvarandre. Politiet opplyser at dei ikkje vil forfølgje saka, men det er mogeleg at dei personane melder kvarandre i etterkant.
2019-06-16 08:16:49  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Fekk førarkortet beslaglagtNRK Sogn og Fjordane
Ein mann i 30-åra er mistenkt for køyring i rusa tilstand, i tillegg til oppbevaring av narkotika. Mannen vart stoppa av politiet i Bremanger seint laurdag kveld. Det er teke blodprøve av han og førarkortet er beslaglagt, opplyser politiet.
2019-06-16 08:13:35  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Krasja i fjellveggenNRK Sogn og Fjordane
Ein paraglider-pilot kom uskadd frå det då han krasja i fjellveggen i Loen rett før midnatt laurdag kveld. Politiet opplyser at personen skal ha mista kontrollen over paraglidaren. Personen vart henta ned frå fjellet av luftambulansen.
2019-06-16 08:07:58  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Må stengje lakseelvNRK Sogn og Fjordane
Elva Vikja i Vik vert stengd for fiske komande veke, skriv Sogn Avis. Årsaka er at Statkraft skal gjere ein reparasjon på anlegget som fører til at elva vert tappa mykje ned. ? Det er forferdeleg kjedeleg, seier Morten Jacopsen i Vik jakt -og fiskelag.
2019-06-15 21:13:50  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Desse var kjappast opp på MoldenNRK Sogn og Fjordane
Joel Dyrhovden frå Samnanger IL var den raskaste løparen under årets utgåve av Molden opp i Luster. Han sprang opp på fjelltoppen på 50.24. Kjappaste dame var May Britt Buder med tida 1:02.10 frå Team La Sportiva.
2019-06-15 20:22:09  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Årets bedrift i LusterNRK Sogn og Fjordane
Avery Dennison NTP i Gaupne er kåra til årets bedrift i Luster. Det er næringsutvalet i Luster kommune som deler ut prisen. I grunngjevinga for prisen vert det mellom anna vist til at bedrifta går godt, at den satsar lokalt og set Luster på kartet. Bedrifta har kring 170 personar på lønslista for tida.
2019-06-15 20:14:41  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Stengjer badeplass i SogndalNRK Sogn og Fjordane
Sogndal kommune har stengt badeplassen i Amlabukti på Kaupanger. Årsaka er at grunneigaren har teke vassprøver som syner ureining i sjøen. Kommunen sine prøver syner derimot at vatnet ved badetårnet ikkje er ureina. Badeplassen vert stengt til det er teke nye prøver.
2019-06-15 19:36:35  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Motorsyklist sendt til HaukelandNRK Sogn og Fjordane
Motorsyklisten som hamna utfor vegen i Stalheimskleiva på Voss blir frakta til Haukeland universitetssjukehus med luftambulanse. Mannen blei liggande vanskeleg til i ei skråning etter ulukka. Han skal ha brotskader, men det er ikkje kjent kor store skadane er.
2019-06-15 15:35:23  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Motorsyklist kjørte av veienNRK Sogn og Fjordane
Ved Stalheimskleiva på Voss har en motorsyklist kjørt av veien. Føreren ligger vanskelig til i en skråning og nødetatene og klatrere fra brannvesenet er på vei, opplyser politiet.
2019-06-15 12:40:43  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

To nye formannskap seier neiNRK Sogn og Fjordane
Fleirtalet i alle dei fire formannskapa i samanslåingskommunane i Sunnfjord vender tommelen ned for fusjonen mellom Sunnfjord Energi og BKK. Men Ap og SVs avventande haldning i Førde gjer at utfallet likevel står ope, skriv Firda. I Gaular skjedde nei-tilrådinga med Sp og Aps til saman tre røyster mot dei to røystene frå Høgre og KrF. I Naustdal vart formannskapstilrådinga fire?éin mot fusjon. Der røysta Ap, Sp og SV for eit nei-framlegg reist av Erlend Haugen Herstad (Sp).
2019-06-15 11:07:54  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Campylobacter fører sjeldan til dødNRK Sogn og Fjordane
Bakterien som har gjort mange på Askøy sjuke, fører sjeldan til dødsfall, ifølge Folkehelseinstituttet. 3000 blir kvart år smitta av Campylobacter, men på 20 år er det berre registrert sju dødsfall der bakterien var direkte eller medverkande årsak.
2019-06-15 09:11:28  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ikkje ulv i GloppenNRK Sogn og Fjordane
Det er ikkje ulv som har vore på ferde i Gloppen. Ein DNA-prøve av ekskrement som vart funne 16. mai synte derimot at prøven stammar frå raudrev, går det fram av rovbasen til Miljødirektoratet.
2019-06-15 08:37:51  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Forklarte seg på åstad for drap NRK Sogn og Fjordane
Politiet har gjort to rekonstruksjonar etter drapet som skjedde i Florø i april i år. Det vart gjennomført ein rekonstruksjon for kvar av de to sikta, skriv Firdaposten.
2019-06-14 22:01:28  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Varm laurdag i venteNRK Sogn og Fjordane
2019-06-14 20:59:59  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Seier ja til kraftfusjonNRK Sogn og Fjordane
Hyllestad formannskap seier ja til fusjon mellom Sunnfjord Energi og BKK, skriv Firda. Formannskapet er delte i synet på om kommunen skal få til ein eigen avtale med BKK, viss Sunnfjord kommune seier nei til fusjonen. No skal saka opp i kommunestyret.
2019-06-14 20:11:14  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ikkje funn av E.coli i Sogn NRK Sogn og Fjordane
Det er ikkje E.coli i drikkevatnet etter vasslekkasje i Amlabukti i Sogndal. Det viser prøver frå drikkevatnet, melder Sogndal kommune. Det er framleis kokepåbod av vatnet.
2019-06-14 19:02:36  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå Vestlandsrevyen klokka 18.50NRK Sogn og Fjordane
Programleiar er Mariann Reikerås.
2019-06-14 18:35:28  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ny direktørNRK Sogn og Fjordane
Anders-Johan Almås frå Leikanger er tilsett som ny direktør ved Vestlandsforsking. Almås kjem frå stillinga som seniorrådgivar ved Høgskulen på Vestlandet.
2019-06-14 17:28:12  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ferdig med ryddearbeidNRK Sogn og Fjordane
Fv. 242 ved Skjerdal i Aurland er open for trafikk etter ryddearbeid, skriv Statens vegvesen. Vegen har vore stengt i fleire timar.
2019-06-14 16:42:53  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Årets NynorskbrukararNRK Sogn og Fjordane
To frisørkjeder fekk prisen for Årets nynorskbrukar 2019. Kjedene Floke og Balanzera tok imot prisen under Dei nynorske festspela 13. juni, melder Nynorsk kultursentrum. Dei to fekk pris for å nytte nynorsk i marknadsføring i både by og bygd på Aust- og Vestlandet.
2019-06-14 11:43:44  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Opnar bru for trafikkNRK Sogn og Fjordane
Teita bru på fylkesveg 695 opnar att for trafikk klokka 12. Det melder Vegtrafikksentralen. Brua på bygdevegen sør for Byrkjelo i Gloppen har vore stengd for trafikk sidan i fjor haust. I november vart det oppdaga at brua hadde sige kraftig.
2019-06-14 11:36:46  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Legg ned Elkjøp på SandaneNRK Sogn og Fjordane
Butikkjeda Elkjøp legg ned butikken sin på Sandane når dei til hausten opnar ny butikk på Nordfjordeid. Det melder Firda Tidend. Styreleiar i Elkjøp Fjordane AS Vidar Grønnevik, seier i ei pressemelding at Eid er i ferd med å utvikle seg som eit meir attraktivt handelssentrum, også for nabokommunane. Handelen i Eid runda i fjor for fyrste gong over 100 000 kroner per innbyggar, og i år blir det gjort store investeringar i nye handelsparkar. Dei tilsette får tilbod om å vere med over i ny butikk.
2019-06-14 09:54:52  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Best i landetNRK Sogn og Fjordane
Elevane i Sogn og Fjordane er dei beste i landet på å gjennomføre vidaregåande opplæring. Det gjeld både studiespesialiserande og yrkesfag. Fire av fem elevar har gjennomført opplæringa etter fem år. Det skriv fylkeskommunen i ei pressemelding.
2019-06-14 09:24:37  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Tiltalt for aktlaust drapNRK Sogn og Fjordane
Politiet har teke ut tiltale mot mannen i 40-åra som vart sikta for aktlaust drap og båtkøyring i rusa tilstand etter ei båtulukke i Selje i mai i fjor. Det skriv Firda. Ektemannen køyrde båten på land slik at kona fekk hovudskadar i samanstøyten. Ho vart liggjande i vatnet og døydde seinare same dagen på sjukehuset. Saka kjem opp for retten 27. august.
2019-06-14 08:28:12  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Gode tal for Opera NordfjordNRK Sogn og Fjordane
Opera Nordfjord hadde ei omsetning på 10,5 millionar i 2018. Det er det høgaste talet i operaen si 20 år lange historie. Operasjef Kari Standal Pavelich er godt nøgd med fjoråret og fortel til Fjordabladet at det var musikalen Annie som gjorde det store utslaget.
2019-06-14 07:23:31  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Bussjåførar melde for lite kvileNRK Sogn og Fjordane
Ikkje mindre enn fire sjåførar på turistbussar vart tekne for å ha brote køyre- og kviletidsreglane då Statens vegvesen heldt kontroll på E39 i Førde i går kveld. For to av sjåførane var regelbrota såpass alvorlege at dei vert melde til politiet.
2019-06-14 06:03:51  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Første landslagsmålNRK Sogn og Fjordane
Sogndalspelar Sivert Mannsverk scora sitt første landslagsmål då G18-landslaget slo Japan 3?2 og vann turnering i Portugal torsdag. Mannsverk sytte for at Noreg tok leiinga alt etter tre minuttar då han heada inn laget sitt første mål.
2019-06-14 05:40:15  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Stengjer veg i AurlandNRK Sogn og Fjordane
Fylkesveg 242 mellom Skjerdal og Aurland vert heilt stengt i fleire timar i dag. Mellom kl. 9 og 17 blir det nemleg jobba med å reinske fjellsidene på vegen, melder Statens vegvesen.
2019-06-14 05:38:51  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Skal du ta Anda-Lote? NRK Sogn og Fjordane
På grunn av reparasjon vert avgangar kansellerte på ferjesambandet Anda-Lote på E39 i natt. Dette gjeld avgangane frå Lote kl. 01.45 og frå Anda kl. 02.00, melder Fjord1.
2019-06-13 21:34:16  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Får kritikk for innkjøpNRK Sogn og Fjordane
Ein rapport frå revisjonsfirmaet Deloitte slår fast at arbeidet med innkjøp i Luster kommune ikkje er tilfredsstillande på fleire område, skriv Sogn Avis. Det blir mellom anna vist til manglande konkurranseutlysing. Rådmann Jarle Skartun forklarar nokre av avvika med komplisert regelverk.
2019-06-13 21:13:25  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Skal rekonstruere drap NRK Sogn og Fjordane
I morgon skal politiet rekonstruere Florø-drapet. To menn er sikta for drap, eller medverknad til drap, av ein 40 år gamal mann i april i fjor. Dei sikta har samtykka til å delta i rekonstruksjonen. ? Det vil lette forklaringa for dei sikta, lettare plassere dei involverte og betre forklare hendingsgangen kronologisk, seier politiadvokat Inger-Lise Høyland.
2019-06-13 20:53:30  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Dirigerer trafikken på rv. 15NRK Sogn og Fjordane
Trafikken på rv. 15 over Strynefjellet vert dirigert ved Billingsdalen i Oppland. Vegen var stengt etter at ein MC-førar køyrde ut av vegen etter ei forbikøyring.
2019-06-13 19:57:58  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå Vestlandsrevyen 18.50NRK Sogn og Fjordane
Programleiar er Mariann Reikerås.
2019-06-13 18:46:14  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Strynefjellet stengt etter ulukkeNRK Sogn og Fjordane
Rv. 15 over Strynefjellet er stengt etter ei trafikkulukke i Billingsdalen mellom Bismo og Grotli i Oppland. Ein MC-førar mista kontrollen under ei forbikøyring og køyrde ut av vegen. Politiet melder at føraren er alvorleg skadd.
2019-06-13 18:05:50  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Må betale dyrt for hummarNRK Sogn og Fjordane
Ein mann i 50-åra er i tingretten dømd til å betale 9.600 kroner i bot. Mannen fekk ikkje med seg ei lovendring som kom ved nyttår i fjor, som seier at hummarteiner skal ha rømmingshol innmontert med biologisk tråd. Tingretten kom til at mannen ikkje handla med forsett då han sette åtte hummarteiner i Sognefjorden i fjor haust.
2019-06-13 16:02:05  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Solid årsresultatNRK Sogn og Fjordane
Klausen Industrier Svelgen gjekk med millionoverskot i 2018, skriv Firdaposten. No er draumen å få utvida lokala, seier dagleg leiar Gunnar Mundal.
2019-06-13 13:29:32  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Så ofte testar Førde vatnetNRK Sogn og Fjordane
Det blir tatt prøvar av drikkevatnet kvar 14. dag i Førde, skriv Firda. Prøvane vert tekne på ti forskjellige stadar i vassnettet, skriv Bernhard Øberg i Førde kommune, i ein e-post til rådmannen 9. juni, ifølgje avisa. Informasjonen er henta inn etter at fleire tusen har blitt sjuke på Askøy grunna bakteriar i drikkevatnet.
2019-06-13 11:41:13  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Seier nei til kraftfusjonNRK Sogn og Fjordane
Fleirtalet i Førde formannskap sa nei til kraftfusjonen i Sunnfjord. BKK ønskjer å slå seg saman med Sunnfjord Energi, og det er politikarane i Sunnfjord-kommunane som bestemmer om det skjer. I Førde sa eit fleirtal av Arbeidarpartiet, Senterpartiet og SV nei til samanslåinga. Høgre, Venstre og KrF røysta for. Men resultatet kan endre seg når saka skal avgjerast i kommunestyret i neste veke.
2019-06-13 10:55:21  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Fått god respons på prøvebuprosjektNRK Sogn og Fjordane
Kolset Krins Utviklingslag har fått mykje merksemd rundt bulystprosjektet sitt, melder Firdaposten. NRK skreiv om prosjektet førre veke, der Utviklingslaget ynskjer å sponse husleige til familiar med barneskuleelevar for å berge Kolset skule.
2019-06-13 10:25:17  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Føraren er utskriven frå sjukehusNRK Sogn og Fjordane
Føraren av hjullastaren som var involvert i ulukka ved Oppstryn er no utskriven frå sjukehuset, skriv Fjordingen. Ulukka skjedde på rv. 15 ved Oppstrynsvatnet i førre veke. Ein utanlandsk turistbuss køyrde inn i ein hjullastar som dreiv med kantslått langs vegen, og totalt 12 personar vart sende til sjukehus.
2019-06-13 09:58:53  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Stort inkassokravNRK Sogn og Fjordane
Måløyraidsenteret har fått eit inkassokrav på 702 000 kroner mot seg. Det kjem fram i stiftingstilsynet sin rapport. Kravet er frå selskapet Audioguide AS på Hamar, som tilbyr hovudtelefonløysingar til omvisning på museum og liknande. Kravet vart i fylgje søkjetenesta forvalt.no levert inn i april. Måløyraidsenteret har også eit anna inkassokrav over seg på 8500 kroner frå SG Finans AS.
2019-06-13 09:14:35  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Turistbuss stakk av frå kontrollNRK Sogn og Fjordane
Sjåføren av ein utanlandsk turistbuss stakk av då Statens vegvesen heldt kontroll i Førde onsdag kveld. Bussen vart funnen igjen på eit av hotella i Førde og kontrollert. Sjåføren vert meld til politiet for å ha stukke av og for brot på køyre- og kviletida.
2019-06-13 07:30:22  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Må betale parkeringsavgiftNRK Sogn og Fjordane
No må også surfarane ved Stad og andre turistar betale for parkering, skriv Fjordenes Tidende. Eit nytt betalingssystem skal løyse utfordringane med ulovleg parkering i Hoddevik. Selje kommune har fått opp eit skilt som varslar om at det ikkje er lov til å stå parkert om natta, og at det er parkering mot avgift.
2019-06-13 06:59:37  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Tre lokale i Bislett GamesNRK Sogn og Fjordane
Tre lokale utøvarar er tekne ut til dei nasjonale forøvingane under Oslo Bislett Games i dag. Dei tre er Henrik Holmberg frå Vik i lengde, Hallgeir Martinsen frå Florø på 100 meter og Marius Vedvik, som representerer Gular, på 1500 meter.
2019-06-13 05:47:53  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Førebels nei til fusjonNRK Sogn og Fjordane
Arbeidarpartiet i Førde seier eit førebels nei til fusjonen mellom Sunnfjord Energi og BKK, skriv Firda. I dag skal formannskapet i Førde behandle saka og Ap er truleg tunga på vektskåla på om det vert noko samanslåing eller ikkje.
2019-06-13 05:46:09  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Får nytt tannlegekontorNRK Sogn og Fjordane
Fylkeskommunen skal byggje nytt tannlegekontor til kring 27 millionar kroner i Sogndal, skriv Sogn Avis. Dagens fylkeskommunale tannklinikk skal flyttast frå sentrum til Fosshaugane Campus.
2019-06-12 21:38:02  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Noregscup langrenn til FørdeNRK Sogn og Fjordane
Førde IL skal arrangere noregscup i langrenn for seniorar til neste år, opplyser Norges Skiforbund. Arrangementet går av stabelen mellom 14. til 16. februar ved Langeland Skisenter.
2019-06-12 21:20:49  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ope på StrynefjelletNRK Sogn og Fjordane
Det er ope for trafikk på rv. 15 over Strynefjellet, melder Statens vegvesen. Vegen var stengt i fleire timar etter ei alvorleg ulukke.
2019-06-12 20:51:40  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Noregscup langrenn til FørdeNRK Sogn og Fjordane
Førde IL får arrangere noregscup i langrenn for seniorar til neste år, opplyser Skiforbundet. Arrangementet går av stabelen mellom 14. og 16. februar 2020 ved Langeland Skisenter.
2019-06-12 19:59:34  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Opnar for trafikk på StrynefjelletNRK Sogn og Fjordane
Det er manuell dirigering av trafikken på rv. 15 over Strynefjellet, melder politiet. Vegen har vore stengt i fleire timar på grunn av ei alvorleg ulukke.
2019-06-12 19:51:51  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå Vestlandsrevyen 18.50NRK Sogn og Fjordane
Programleiar er Mariann Reikerås.
2019-06-12 18:42:51  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Stengt på StrynefjelletNRK Sogn og Fjordane
Rv. 15 over Strynefjellet er stengt på grunn av ei alvorleg trafikkulukke. Vegen er stengt på ubestemt tid.
2019-06-12 18:27:38  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Tilbake til normalen NRK Sogn og Fjordane
På ferjesambandet Lavik-Oppedal på E39 vil rute C vere tilbake i normal drift frå kl. 17.50, melder Norled. Den eine av tre ferjer på sambandet har hatt tekniske problem.
2019-06-12 17:29:39  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Har frigjeve namnet på omkomen NRK Sogn og Fjordane
Det var 27 år gamle Markus Florian Jannick Anhorn frå Sveits som omkom i ulukka ved Oppstrynsvatnet førre veke, melder politiet. 27-åringen døydde av drukning etter ei basehoppulukke.
2019-06-12 16:21:22  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Bussjåfør fekk ikkje kvile nok NRK Sogn og Fjordane
Eit utanlandsk busselskap er meld til politiet av Vegvesenet etter ein kontroll ved Håbakken i Lærdal i dag. Selskapet la ikkje godt nok til rette for at bussjåføren kunne kvile nok.
2019-06-12 15:55:17  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Statsråd til FlorøNRK Sogn og Fjordane
Digitaliseringsminister Nikolai Astrup (H) kjem til Florø i morgon. Han skal besøke fleire innovative bedrifter, og han skal også treffe elevar ved Flora vidaregåande skule.
2019-06-12 12:49:07  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ferje har tekniske problemNRK Sogn og Fjordane
Den eine av dei tre ferjene som trafikkerer sambandet Lavik-Oppedal på E39 er ute av drift på grunn av tekniske problem. Det opplyser Norled til avisa Firda. Det var bilferja Stavanger som fekk problem med eine motoren tysdag ettermiddag. Norled veit ikkje når det vil vere tre ferjer i drift igjen på sambandet. Det vil difor berre vil vere avgangar kvar halvtime utover onsdag.
2019-06-12 11:52:14  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Flogen til sjukehusNRK Sogn og Fjordane
Føraren av ein bil er flogen med luftambulanse til Haukeland universitetssjukehus etter ei trafikkulukke, opplyser politiet. Ulukka skjedde ved Mjåsund bru i Gulen. Vegen er open for fri ferdsel, og politiet driv etterforsking på staden.
2019-06-12 11:23:38  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Trafikkulukke i GulenNRK Sogn og Fjordane
Naudetatane er på veg til Gulen etter melding om ei trafikkulukke på fylkesveg 4 ved Mjåsund bru, opplyser 110-sentralen i Hordaland. Det skal vere eit køyretøy som er involvert. ? Bilen har køyrt av vegen. Sjåføren er ute av bilen og skal vere bevisst, opplyser politiet. Vegen er open, men vil bli stengd i samband med at luftambulansen landar på staden.
2019-06-12 10:19:22  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Høgast sjukefråvær innan helseNRK Sogn og Fjordane
Det legemelde sjukefråværet i Sogn og Fjordane var på 5,3 prosent i første kvartal i år. Sjukefråværet er høgast blant dei som jobbar innan helse- og sosialtenester. Direktør i Nav Vestland, Anne Kverneland Bogsnes, fortel at dei no vil rette fokus mot arbeidsplassane i denne sektoren.
2019-06-12 10:17:29  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Stengjer hotell i HøyangerNRK Sogn og Fjordane
Hotelleigar Frank Ove Ytredal seier opp alle dei sju tilsette og stengjer Høyanger hotell, skriv Firda. Forretningsmannen frå Vadheim kjøpte hotellet i 2008. ? Eg har satsa og tapt pengar på drifta. Sjølv om innbyggarane har vore lojale og trufaste kundar, må eg sjå realiteten i auga. Drifta av hotellet er ikkje liv laga, seier han.
2019-06-12 09:02:26  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

God grasavling i venteNRK Sogn og Fjordane
Vêret i vår har vore svært bra for bøndene i fylket. ? Etter to magre år, ser 2019 ut til å bli eit svært godt grasår, seier assisterande landbruksdirektør Bjørn-Harald Haugsvær. Grunna væte i 2017 og tørke i 2018, måtte mange bønder kjøpe inn gras. I fjor søkte 7500 norske bønder om erstatning for avlingssvikt.
2019-06-12 07:24:13  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Førde opnar med bortekampNRK Sogn og Fjordane
Førde sine handballdamer opnar sin tredje strake sesong i 1. divisjon med bortekamp mot Fjellhammer 8. september. Første heimekamp blir ein månad seinare når nyopprykte Grane Arendal vitjar Førdehuset. Sesongavslutninga 22. mars blir borte mot eit av landets mestvinnande klubbar, Larvik.
2019-06-12 05:44:44  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Kan ha jubla for tidlegNRK Sogn og Fjordane
Den iranske kvinna Maryam Bandari og støttespelarane hennar kan ha jubla for tidleg. Denne veka fortalde NRK at UNE ikkje ankar avgjerda i lagmannsretten om avslaget på asylsøknaden er ugyldig. Og at ho etter to år i kyrkjeasyl på Sandane får bli i Noreg. Seksjonssjef Iselin Ryeng-Lande i UNE seier avgjerda i lagmannsretten betyr at søknaden om opphald skal behandlast på nytt, men at dei har notert seg retten sine synspunkt.
2019-06-12 05:42:46  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå VestlandsrevyenNRK Sogn og Fjordane
2019-06-11 20:48:40  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Avinor varslar kuttNRK Sogn og Fjordane
Avinor må spare mellom 400 og 600 millionar kroner og varslar bemanningskutt. Hovudflyplassen Oslo lufthamn Gardermoen blir hardast råka, med kutt på mellom 250 og 300 millionar kroner. Kutta på dei mindre flyplassane utgjer mellom 80 og 120 millionar kroner. Det er førebels uvisst korleis flyplassane Førde, Florø, Sogndal og Sandane blir råka. I dag har Avinor kring 3.100 tilsette.
2019-06-11 20:23:08  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå VestlandsrevyenNRK Sogn og Fjordane
2019-06-11 18:53:39  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Innstiller ruteNRK Sogn og Fjordane
Norled melder at C-ruta på ferjesambandet Lavik-Oppedal er innstilt på grunn av tekniske problem. Dei melder og at B-ruta på same sambandet er fem minutt sein inn til vidare.
2019-06-11 18:50:02  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Bil i fjellveggenNRK Sogn og Fjordane
Naudetatane har rykt ut til ei trafikkulukke på E39 ved Holmøyane i Nordfjord. Politiet fekk melding om ulukka klokka 16:18. Det er ein bil som har køyrt i fjellveggen. Politiet melder at førar er medviten, oppegående og ute av bilen. Det er meldt om store skadar på bilen.
2019-06-11 16:39:53  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Åtvarar mot svindelforsøkNRK Sogn og Fjordane
Sparebankane i fylket åtvarar mot ein SMS med informasjon om at kontoen er sperra. Bankane presiserer at meldinga ikkje kjem frå dei, men at dette er eit svindelforsøk. Dei ber bankkundane ikkje opne meldinga, men å slette den. Dei ber også kundar som har opna meldinga om å ta kontakt.
2019-06-11 15:47:15  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Til legevakt etter trafikkuhellNRK Sogn og Fjordane
To personar er sende til legevakt med ambulanse etter eit trafikkuhell i Kjøsnesfjorden i Jølster. Det skal vere eitt køyretøy involvert, og politiet opplyser at det ikkje er trafikale problem på staden.
2019-06-11 14:28:29  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ber fiskarar melde fråNRK Sogn og Fjordane
? Sportsfiskarar som ser fisk med sår og sopp i Nausta må varsle snarast. Det er oppmodinga frå Eiliv Erdal i Nausta elveeigarforening etter at det nyleg blei sett ein fisk med sår og sopp under Naustdalsbrua. Bakgrunnen for oppmodinga er ein mystisk og smittsam sjukdom som er oppdaga på fleire laks i Oslo-området. Erdal er klar på at han ikkje fryktar at sjukdomen er komen til Nausta.
2019-06-11 11:08:31  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Skrog har fått nye eigararNRK Sogn og Fjordane
Eit stålskrog som har lege til kai på Bjørvikstranda i Gaular i fleire år, har no fått nye eigarar, skriv Firda. ? Den tidlegare kjøparen betalte ikkje som avtalt, og kontrakten blei kansellert, seier Lasse Stokkeland ved Havyard i Leirvik. No er har nye kjøparar signert kontrakten, og skroget skal snart slepast til Hyllestad for å bli ferdig båt.
2019-06-11 08:38:52  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Årdal ? Tyin stengdNRK Sogn og Fjordane
Fylkesveg 53 mellom Øvre Årdal og Tyin er heilt stengd frå i dag kl 07:00 til fredag 14. juni k. 19:00 på grunn av vegarbeid. Statens vegvesen opplyser om at det blir omkøyring via E16.
2019-06-11 07:56:12  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Mål og målgjevande i comebacketNRK Sogn og Fjordane
Øystein Myrkaskog markerte seg i comebacket for Vik. Ifølgje Firda-liven var han nest sist på ballen då Dag Einar Bøtun gav heimelaget 1-0 over Sandane. Minuttet før full noterte den tidlegare Førde- og Åsane-spelaren seg for si første scoring for 5. divisjonslaget sidan 2012.
2019-06-10 19:24:34  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sakna jenter kom til retteNRK Sogn og Fjordane
To jenter på fem og sju år vart i ettermiddag meldt sakna i Florø. Begge kom til rette kort tid etter at politiet ba publikum om tips på Twitter.
2019-06-10 19:16:10  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

? Økonomien må styrkastNRK Sogn og Fjordane
? Stortinget må sikre Vestland fylkeskommune romslegare økonomiske rammer, seier Anders Hamre Sveen som er nestleiar i Raudt Sogn og Fjordane og 4. kandidat for Raudt Vestland. Han viser til at fylkesrådmannen føreslår å kutte med over 400 millionar kroner. ? Raudt har hatt rett når vi har åtvara mot at regionreforma er ei kuttreform. Dette syner også at Vestland fylke snarast mogleg bør splittast opp att i to sjølvstendige fylke.
2019-06-10 14:33:12  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sette fire aldersrekordarNRK Sogn og Fjordane
Steffen Melheim frå Olden sette fire nye norske aldersrekordar i diskos, og det på same dag, skriv friidrett.no. Dette skjedde under Loggane Open der Melheim deltok i klassen Gutar 16 år. Han var mange meter over dei gamle rekordane i både 1, 1,5, 1,75 og 2 kilo diskos. Den eldste rekorden før dette i 2,0 kilo-klassen, er frå 1974.
2019-06-10 11:56:29  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vil byggje mikrokraftverkNRK Sogn og Fjordane
DNT Oslo og omegn har søkt om å få byggje mikrokraftverk på Skogadalsbøen, skriv Sogn Avis. ? Det er omstridd med slik utbygging i nasjonalparken, men no får dei fase ut bruk av dieselaggregat og helikopterflyging med drivstoff, sa ordførar Ivar Kvalen (Sp) då formannskapet i Luster skulle komme med ein uttale.
2019-06-10 09:24:56  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Gründerbedrift slått konkurs NRK Sogn og Fjordane
Tracksa Norway AS har gått med store underskot dei siste åra. No er det kroken på døra, skriv Firda. Det er Innovasjon Norge som har slått verksemda konkurs med eit krav på om lag 950.000 kroner. Bedrifta frå Vadheim som blei starta i 2006, leverte mellom anna eit trådlaust lysanlegg for varsling for motorbaner. Dagleg leiar Frode Steen seier til avisa det ikkje er noko dramatikk i konkursen. ? Vi har ikkje hatt tilsette i selskapet sidan 2015.
2019-06-10 08:28:35  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Leia to gonger, men tapteNRK Sogn og Fjordane
Sogndal leia både 1-0 og 2-1, men tapte til slutt 2-3 for Brann i dagens treningskamp på Bømlo. Sigurd Haugen og Martin Ramsland scora for Sogndal. Det stod 1-1 til pause.
2019-06-09 18:18:14  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sveen på veg vekk frå SogndalNRK Sogn og Fjordane
Sogndal-spelar Ole Amund Sveen er i Bodø for å gjennomføre dei obligatoriske testane, og blir truleg Glimt-spelar i løpet av kort tid. Det melder Oppland Arbeidarblad. Sveen står bokført med ni mål på 37 cup- og seriekampar sidan han kom til Sogndal i 2016. To sesongar vart spolerte på grunn av skade.
2019-06-09 18:11:41  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Kragerø StartSiden - Nyheter fra NRK Sogn og Fjordane







Denne tjenesten er levert av ActiveSystems.